fredag 13. oktober 2017

Barbieklær

Det blir ikkje så ofta eg blogger for tida, men eg strikker.
Det er både barnebarn og julemesser eg strikker til for tida.
I helga skal me feire bursdager til to barnebarn, 1 år og 5 år.
Ho på 5 år hadde ikkje klær til barbiedokka si, 
då måtte jo mormor fiksa garderobe til henne.
Sjølv om det er små plagg, tar det tid med tynt garn og tynne pinner.


Div. restegarn, 85 gr
Pinne 2 og 2,5


Kluter er greie å strikka på reis og i venterom.
Det er alltid nokon som vil ha ein klut, og eg treng å fornya mine og.


Mor Åse garn, 152 gr
Pinne 3

*
Det nermer seg julemesser med raske skritt!
I år blir det sokker fra meg, store manfolksokker blir alltid seld,
har strikka to par str. 46.
Eg held på med ei anna type sokkar og, men det får vente til neste blogg.


Ola og Raggegarn, 270 gr
Pinne 3,5

*

Eg har meld meg på ei julemesse til i år der eg skal stilla med sjølvfarga garn.
Så det er ikkje bare strikking det går i for tida.
Det blir spennande, eg har ein jobb å gjera framover. 
Tru om det er interresse for farga garn?



God helg til dokke som stikk innom her!


mandag 18. september 2017

Trultekjole og garnfarging

Garnfarging er spennande og eg prøver meg stadig på nye teknikker.
Dette garnet er gradert i fargen, fra mørk til lys rosa.
Eg måtte prøva ut korleis det blei når eg strikka med det,
og det blei ein liten babykjole og hua str. 6 mnd.
Nevøen min venter ei lita jente neste måned,
så om dei liker den, skal dei få kjolen.




Trultekjole
Lammeull, 75 gr
Pinne nr 2 og 2,5



Eit barnebarn og eg var alleina ei helg, og då måtte me finnna på noko.
Ho fekk farga sitt eige garn, to hesper med forskjellige teknikkar.
Ho var flink og fekk fargane fint og jevnt utover.
Dei har eg strikka sokkar av, strikka 3 omg av kvar tråd vekselvis. 



 Det blei nok til eit par til henne og til to søskenbarn.


Farga Opal, 160 gr
Pinne nr 3

*
Tenk, sola har vore framme eit par dagar nå!
Det er så herleg, men det er haust i lufta.

.











onsdag 30. august 2017

Bunadsett

Søster mi ønska seg eit bunadsett til barnebarnet sitt.
Det blei eg som strikka det for henne.
Vesten var ein utfordring å få fin i halsen og kraven,
mykje arbeid med den lille vesten i str. 2 år!
Nå mangler bare knappane, heile 10 stk på vesten,
 den er dobbelknappa og 2 på buksa.
Den jobben må søster mi ta sjølv, eg har ikkje knappane her.
Buksa er med korte bein - nikkers.
Eg er glad for at den jobben er ferdig!

Bildene er ikkje bra, får prøva å ta nye når knappane er i.



Siljagarn, 311 gr
Pinne 2,5 og 3


tirsdag 22. august 2017

Kaipuu Sjal

I fjor sommar var me ein tur i Østersund i Sverige,
og der var eg innom ein koseleg garnbutikk.
Der snopa eg med meg eit hespe Manos Lace fra Manos del Uruguay.
Garnet er Alpakka, silke og cashmere, så det er mjukt og godt.
Sidan garnet er sprettete i fargane, fann eg ei oppskrift med lite mønster i, bare langs kanten.
Det skulle vore rillestrikk, men eg strikka glattstrikk for å få fargespekteret fram.
Fargen er lilla og grønn, mest lik det første bilde.




Kaipuu av Tiina Huhtaniemi
Manos Lace garn,
Pinne nr 3,5


mandag 14. august 2017

Snøløv og Flax

I bygda vår er det ei som driv ein barneforrening, og der hjelper eg til.
Ho hadde ein pose umerka, fint ullgarn liggjande,
og ho spurde om eg kunne få til noko utav det.
 Til no har det blitt to genserar til basaren.
Det er mykje garn igjen, men for denne gang blir det med dei to.

Den eine er Snøløv genseren, eit enkelt og fint mønster.
Eg fann eit kvitt nøste Tove garn i lageret mitt til mønsteret.


Den andre er Flax light genseren. Den er strikka ovenfra og ned med
eit felt langs armane med riller.
Mønsteret finnes på Raverly, det er gratis og er fra størrelse 2 år 
og opp til stor manfolk størrelse.
Eg har strikka begge i ca 10-12 år.



Eit veldig dårleg bilde, genserane er mørk blå, er mest lik på Flax genseren.


Flax Light og Snøløv
Ukjent ullgarn, 445 gr
Pinne 3 og 3,5
*

Eg har hatt eit Malabrigo sokkegarn liggjande.
Det blei kjøpt på nett, fargen var skuffande då eg fekk det.
Men det blei fine sokkar til maen. 
Det er nok garn til eit par mindre sokkar igjen av hespelen,
eit veldig tynt og drygt garn.


Malabrigo sock, 57 gr
Pinne 3


torsdag 27. juli 2017

Babyteppe, Norsk Sommer

Tilfeldig kom eg over ein samstrikk på Raverly.
Det var teppe, Norsk Sommer, av Torirot Design.
Eg melde meg på, teppe var perfekt å strikka av restegarn, det har eg plenty av!
Garn eg har farga sjølv fekk eg og brukt.
Synes det er eit veldig fint mønster, det er reine blomsterenga.
Det var veldig spennande å strikka dette teppe, bare ei mønster til,
bare ei mønster til..., eg blei heilt hekta!
Og me strikker med bare to fager om gangen, eg lærte nokre nye tips her og.
Eg er godt fornøgd med resultatet, og nå tenker eg på om eg skal starta på eit til.
Det er passe stort til å slenga over fanget, det treng ikkje vera til baby.
Mitt blei 115 cm i diameter.
Fristen er 1. okt, så det er ennå ikkje for seint å delta.



Div restegarn, mest Ask og Opal
450 gr. Pinne nr. 3,5

*

Takk for dokke ser innom her, fortsatt god sommar!




onsdag 19. juli 2017

Vividteppe

I sommar har eg endeleg gjort ferdig Vividteppe mitt.
Dei siste rutene sydde eg faktisk samen på nordnorge-turen.
Planen var at teppe skulle vera i campingvogna, 
men eg blir ikkje fortrolig med fargane.
Garnet er Kauni flerfarga, og det var farger som blei ein overrraskelse,
og det var ikkje positivt. Det er sånn som skjer når du handler på nett...
Kankje teppe blir ein gave eller ein gevinst?







Mønster, Vividteppe
Kaunigarn, 678 gr
Pinne nr 4
*

Når eg strikker, liker eg å høyra på strikkepodcast.
Det er ein amerikansk som heiter Littlebean and me 
som eg har høyrt på sidan ho starta.
I ei trekning ho hadde, var eg så heldig å vinna.
Blant mange ting eg fekk, var det eit nydeleg hespe garn ho har farga,
det er ho veldig flink til. 



*

I dag ser det ut som me endeleg får ein smak av sommar.
Det er sol og fint, så det blir strikking på terrassen, herleg!
Håper dokke og har ein fin dag!