torsdag 3. juli 2014

Old Town Jakke

Denne fasongen på jakka tykkjer eg er så fin,
og sjølvsagt er oppskrifta bare på engelsk.
Eg hadde klart det eit par gong før, så eg tok sjansen.
Jakken er strikka ovenfra og ned, med opplegg i ryggen.
Har aldri vore borti det før, men det gjekk greit.
Ingen montering etterpå heller, ikkje eingong under armane.
Både der og i opplegget i ryggen brukte eg Judy Becker metode,
 det var bare å festa trådar til slutt, det liker eg!




Det er til og med fasongstrikka skulder der det skulle strikkast forkorta omganger.
Måten det blei gjort på skreiv eg om i ein tidlegare blogg,
du kan lesa det HER.
Teknikken er enkel og resultatet blir kjempefint, nesten usynleg.




Har allerede brukt den, og eg er kjempe fornøgd!
Garnet er deileg, passe varm til bruk i sommar.
Det er blanding av lin, bomull og bambus, håper bare den held seg fin i vask.
Garnet kjøpte eg på Island, synes det blei ein fin souvernir fra turen.



Mønster, Old Town av Carol Sunday
Garn, Arezzo lin, 494 gr
Pinne 3 og 3,5
*


Må bare tipsa om at Hverdagsjakken til Ann Myhre er kome for salg,
og denne veka er den til halv pris, 15 kr!
Du finn bloggen hennar HER

3 kommentarer:

  1. Hjerteleg til lykke med nydeleg jakke! Alldeles flotte! Superstrikkedama frå Hjelmeland- som finner sååå monge godbetar i oppskriftverden!!

    SvarSlett
  2. Så lekker og fin ei jakke Wenche, den var bare kjempefin! Hvordan får du til den strikkingen, og uten noen form for montering? :) helt utrolig! Denne likte jeg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Rigmor! Eg fant oppskrifta på Raverly om du er interessert.
      Eg la opp midt på ryggen med Judy Becker metode, masker begge veger, og strikka mot skulder og fram. Plukka opp masker og strikka bolen, armane til slutt. Veldig grei måte å strikka på. Eg prøvde den undervegs og justerte litt på maskeantallet i armane så den passa meg.

      Slett