torsdag 27. oktober 2016

Kjole til Lillesøster og eit nytt møte.

Denne kjolen, Kjole til Lillesøster av Tora Frøseth,
 har eg lenge hatt lyst til å strikka.
Den er enkel, men fin synes eg, og dette herlege garnet,
Knitting for Olive Merino, passa fint. Mønsteret er gratis.
Du strikker den ovenfra og ned, det er ingen montering.
Eg har strikka den i str. 2 år.



Søte knappar pynter opp.



Av garnet som var til overs, strikka eg to pannebånd.


Dette går i kassen til julemessa.


Kjole til Lillesøster, Tora Frøseth
Garn, Knitting for Olive merino, 
Kjole, 113 gr
Pannebånd, 24 gr
Pinne nr 3

*

På søndag reiste me til yngste datter vår og familien.
Dei hadde fått ein liten gutt og me fekk treffa det nye barnebarnet vårt.
Det er eit spesielt møte, det er like stort kvar gang!
Me er så heldige, barnebarn nr 9, me er rike!

 




torsdag 20. oktober 2016

Hand - dokker

Til julemessa prøver eg å laga noko til barna og.
Desse dokkene fann eg i eit Familien for mange år sidan,
har sett på dei fleire ganger, og endeleg blei det dokker.
Dyra har eg ikkje oppskrift på, dei er laga etter eit bilde.
Dei to minions figurane har eg og laga sjølv,
tenkte det var kjekt med ein figur av nyare dato.


Ut å plukka blomster












Eg skulle nok ha laga nokre fleire, men nå har eg lyst til å strikka til baby.
Har lagt opp til ein kjole/tunika.
Kanskje det blir fleire dokker seinare...


Det var ein som lurte felt på kva eg dreiv med, 
det var vel betre å kosa litt med han?



Restegarn 193 gr
Pinne 3

torsdag 13. oktober 2016

Halloween-hua

I grunnen er eg ikkje glad i Halloween, men noko påvirka blir me,
og denne hua synes eg hadde rette fargane.
Det orange har eg farga sjølv, la heile nøste ned i fargeblandinga
uten å laga hespe fyrst. Det gjekk fint, blei gradvis lysere innover nøste.
Spennande å sjå koss det blir når ein strikker garnet,
blir meir liv i handfarga garn.
Denne hua går til julemessa.



Eg er visst blitt beten av fargebasillen! Det er så spennande å sjå kossen garnet blir!
Problemet er bare at eg får for mykje garn.... greier ikkje strikka opp alt...
Har du lyst til å prøva eit nøste eller to, ta kontakt.
Fargane blir ikkje så bra på bilder, På den lyse hespen er
 det mykje meir spettete farger enn det som synes.



Det nøste som er vunne opp her, er det eg strikka hua av.
Dei andre to har eg ennå, og det lyse er meir spettete inn det viser.


Her er det to hesper som er lys beige, farga med lav eg henta på berget ved sjøen.
Dei og er for lyse på bildet.
Dei andre er farga med konditorfarge.
Alle hesper er 100 gr Opal garn. 
Det er ull som er forsterka med nylon, så det kan brukast til sokkar og.


Det er blitt litt meir til julemesse-korga og.
Til desse pulvarmerane er det perfekt å bruka restegarn.
Eg har så altfor mange enkle nøster liggande, vil prøva å bruka mest muleg av dei.


Vestland-Perfect garn, 73 gr
pinne 3,5

Div. alpakkagarn, 116 gr
pinne 3

torsdag 6. oktober 2016

Myke Bølger

Høsten er her og vekene går fort, snart er det jammen tid for julemesse!
Det har ikkje blitt noko gjort til denne tid av meg, 
så nå måtte eg komma i gang.
Ein hals og 5 par pulsvarmere har eg strikka dei siste to vekene.




Denne halsen, Myke Bølger, fant eg i eit gammalt Familien.
Det var feil i mønsteret, så eg tok kontakt med designeren, Kari Hestnes i Kari H Design.
Sjølv om det var helg, tok det ikkje lang tid før eg fekk svar og nytt diagram.
Kjempebra service! Synes det mønsteret var veldig fint.

Mønster, Myke Bølger av Kari H Design
Dale Alpakka, 70 gr
Pinne 3,5

5 par pulsvarmere, 
div. alpakka garn 191 gr
Pinne nr 3

*

Me har eit nydeleg høstvær for tida, strålande sol og stilt.
I helga var me på hytta og me gjekk ein tur til sjøen,
det var stilt og varmt å sitja i sola.





I kveld hadde me ein flott solnedgang, nydeleg!