mandag 18. september 2017

Trultekjole og garnfarging

Garnfarging er spennande og eg prøver meg stadig på nye teknikker.
Dette garnet er gradert i fargen, fra mørk til lys rosa.
Eg måtte prøva ut korleis det blei når eg strikka med det,
og det blei ein liten babykjole og hua str. 6 mnd.
Nevøen min venter ei lita jente neste måned,
så om dei liker den, skal dei få kjolen.




Trultekjole
Lammeull, 75 gr
Pinne nr 2 og 2,5



Eit barnebarn og eg var alleina ei helg, og då måtte me finnna på noko.
Ho fekk farga sitt eige garn, to hesper med forskjellige teknikkar.
Ho var flink og fekk fargane fint og jevnt utover.
Dei har eg strikka sokkar av, strikka 3 omg av kvar tråd vekselvis. 



 Det blei nok til eit par til henne og til to søskenbarn.


Farga Opal, 160 gr
Pinne nr 3

*
Tenk, sola har vore framme eit par dagar nå!
Det er så herleg, men det er haust i lufta.

.