lørdag 22. desember 2018

Jakke nr 2 ++

Me har eit barnebarn som elsker alt som er mjukt,
og desse jakkane blei mjuke og lette. 
Denne har eg strikka med ein tråd tynn lammeull 
som eg har farga blå og ein tråd børsta alpakka.
Har strikka den i str. 12 år.






Eg har fått bestilling på herrevotter i det siste,
det eine paret skulle ha tomler på begge sider.
Det er første gang eg har strikka det, men det var vel vanleg før i tida.



Me har ei rund nakkepute, og på den var trekket heilt utslitt.
Eg strikka ei ny med enkelt mønster i eit bomull-merino garn.


I ei gruppe på Ravelry var det ei som arrangerte advent-byttekalender.
Me bytta gaver til dei 4 søndagane + julafta.
Av min byttevenn har eg fått fint garn + fleire kjekke ting, 
kjekt å få garn eg ikkje har prøvd før.
I morgon er det søndag og ny pakke, veldig kjekt!




*

I juletreskogen vår fekk me så koseleg besøk her ein dag.
Han sprang rundt og delte ut klementiner til barna som kom og ville hogga juletre.



*

Vil med dette ønska dokke alle ei fredfull og god jul!








fredag 30. november 2018

Jakke i Alpakka

Dei fleste ungane her i familien vil ikkje ha ullkler, det klør!
Men alpakka går bra. Eg var i lageret mitt og fann nokre nøster
 turkis i Dale alpakka. 
Det strikka eg samen med ein tråd tynn, børsta alpakka, i natur farge.
Det blei bra samen, og jakken blir god og varm.
Eg brukte ikkje mønster, strikka ein heilt enkel jakke med fletter framme
og raglanfelling. Det er godt å sleppa montering. 
Eg strikka nokre forkorta omganger bak i nakken, så blir den litt høgare bak.
Jakken er str 10 år.




Eit par sokkar strikka eg i garn eg har farga sjølv, veldig grøne ;-)




Ønsker alle som ser innom ei rektig god adventstid!



torsdag 22. november 2018

Genser av håndfarga garn

Det nermer seg julemessa der eg skal vera med garnet mitt.
Har funne ut at det er smart å ha modeller,
så får kundane sjå korleis garnet blir når det er strikka opp.
Denne genseren blei til etter kvart som eg strikka.
Har lenge tenkt på korleis bruka ein enkel hespel med spettet garn.
Synes det blei ein grei genser, og den var rask å strikka.
Garnet er lammeull, den er i str. 10 - 12 år.
Kanskje det kunne vore lurt å hatt med mønster og...




Håndfarga Lammeull, 326 gr
Pinne 3,5 og 4

Av restane strikka eg to par votter.
Det er rein lammeull, så eg tova dei litt.







onsdag 14. november 2018

Strikk til Julemesser

Det går i strikking til julemesser nå om dagane,
og den siste måneden har det gått i sokker og andre småting.
Måtte lage noko som er enkelt og går fort. 
Det har blitt 12 par sokkar, 7 pannebånd og 6 par pulsvarmere.
Eg har fått brukt opp rester av alpakkagarn og sokkegarn,
det blir fine sokkar med striper ;-)








Eg held og på å farga garn, 
det skal vera med på ei anna julemesse.
Der skal eg og ha modeller med og ein genser er på pinnane.
Ein blir ikkje arbeidslaus når ein driv med handarbeid!!




*

Ein siste rest av haustfargar fann eg i helga, skikkeleg gullfarge!
Elles er det blitt ganske så brunt.








fredag 19. oktober 2018

Lilje Jakke

Denne jakken har vore ferdig ei stund,
men no først fekk eg tak i knappar til den.
Det er eit gammalt mønster som Wenche Roald har rekonstruert fra
ein utslitt jakke som blei redda fra fillehaugen på Sjølingstad Uldvarefabrikk.
I regi av Strikkedager på Sjølingstad, 
arrangerte dei ein samstrikk av jakken som eg deltok i.
Synes dette mønsteret var veldig fint og kjekt det har ein historie bak.
Garnet eg har brukt, er sjølvfarga lammeull.
Eg har lenge tenkt å strikka meg ein grå jakke som passer til det meste,
og Lilje blei perfekt!




Lilje av Wenche Roald
Farga lammeull, 360 gr
pinne 3 og 3,5



onsdag 3. oktober 2018

Sinnasaugenser


Bloggen er ikkje blitt prioritert i det siste, men her er ein oppdatering.
Eg har rekt opp rundfellinga på Flora-toppen eg blogga om sist og strikka ny.
Det blei mykje betre, den passer meg perfekt nå!
Du kan sjå bilder HER

*
Sinnasaugenseren synes eg er kjekk å strikka, liker striper!
Denne gang har eg strikka den i str. 3 år.
Har brukt tynt merinogarn som eg har farga.
Eg skal på ei messe med garnet mitt, og genseren skal vera med som modell.
Hovedfargen er grønn.




 Småplagg har eg strikka innimellom, nokre skal med på messer.
Maen treng nye sokkar og klutar er greit å strikka på biltur.






Eg har strikka meir, men det får komma i neste blogg.

Ønsker dokke alle gode haustdagar.
Nå er det tid for å finna fram strikkakleda, er litt godt det og!



lørdag 11. august 2018

Flora Topp og Plantefarging

Feriestrikken i år blei denne sommertoppen, Flora, i Tynn Line garn.
Eg har endeleg fått gjort den ferdig, har gått seint i varrmen.
Eg hadde sett denne toppen på ei dame og synes den var så fin på.
MEN, den blei for stor over bærestykket på meg!
Under armane er den fin, men mønsteret gjer at den bobler seg over brystet.
Nå vurderer eg om eg skal rekka opp bærestykket og fella inn til ein størrelse mindre.
Har aldri skjedd før, er heller omvendt til vanleg.
Ja ja, eg blir nok ikkje fornøgd før eg har ordna det...




Det blei til at eg rekte opp og strikka ny rundfelling.
Eg felte inn til ein størrese mindre før mønsteret starter.
Det blei mykje betre, den passer fint nå!


*

Sist helg var eg og eit barnebarn på kurs i plantefarging av garn.
Turistforeningen arrangerte sankefestival, sanking fra naturen,
og det var diverse boder, foredrag, fisketur, turer mm.
Me fekk farga med Kochenille-lus og Reinfann, 
har alltid hatt lyst til å prøva Kochenille, så det var kjekt.
Det blei ein fin rød-rosa farge, reinfann blei gul.
Me var ute på ein scene og styrte med gryter og planter,
etterpå vaska me garnet i elva.
Maren hadde laga seg ein fin blomekrans.













onsdag 18. juli 2018

Eldri-kofte + Dream Stripe sjal ++

Det har samla seg fleire ting eg fått ferdig den siste tida.
Hovudprosjektet har vore Eldri kofta eg har strikka til ei datter.
Det har tatt si tid. Eg har strikka og rekt opp fleire ganger. 
Første gang hadde eg strikka ferdig den nederste borda på bolen
og fann ut den var for liten. Det var bare å starta på nytt. 
Så var det ein arm eg ikkje var fornøgd med og blei nokre cm kortare.
Tredje gang hadde eg strikka 5 cm for langt til halsutringninga,
eg hadde fått feil mål og syntes den blei veldig lang, og det var den....!!
Men nå er eg endeleg i mål og håper den passer.





*

Det var så mykje garn igjen etter det siste sjalet eg strikka,
så eg fann ei gratismønster på Ravelry som heiter Draem Stripe.
Dette sjalet bei veldig fint i fasong, så det blir nok fleire.
Garnet har eg farga, det er merino og lammeull.



*

Ein liten babykjole, Bellakjole i str 6 mnd. strikka eg i alpakka silke garn, 
sååå mjukt og godt. Den skal gies bort i barselgave.




Og til slutt eit par sokker til maen i sjølvfarga garn.
Dei eg strikka til han sist, fosvant fort ut døra her ;-)



Eldri kofta, Mini-Sterk, 470 gr
Pinne 3 og 3,5
Dream Stripe Sjal, 52 gr
Pinne 3,75
Bellakjole, Alpakka Silke, 71 gr
Pinne 3
Sokker, Farga Opal, 85 gr
Pinne 3,5