lørdag 20. januar 2018

Snowmelt Shawl

Som dokke sikkert forstår, liker eg å strikka sjal.
Eg har hatt liggande fint garn som eg har snopa med meg
 som souvernir når me er ute og reiser.
Fekk lyst til å bruka nokre av dei til eit fint sjal, og eg hadde 
ein hespel Malabrigo og eit Hegdehog Fibres som eg kjøpte på Fortuna på Løkken Verk
då me var nordover for 1,5 år sidan. Garnet må som regel ligga og modnast litt før bruk...
Snowmelt sjalet har stått på lista mi lenge, men eg mangla ein farge, 
så då farga eg ein mellomgrå som gjekk godt  til. 
Malabrigogarnet er i lilla, grønn og gråtoner og Hedgehog garnet er lys grå.
Eg ville ikkje ha det så veldig stort då eg bruker sjal som skjerf, 
så eg korta litt inn på eit par mønsterrapporter.
Blei godt fornøgd med resultatet, dette sjalet blir ein favoritt!




Snowmelt Shawl, av Helen Stewart
Hedgehog Fibres, crystal
Malabrigo sock
Lammeull, sjølvfarga, 166 gr
Pinne 3,5



8 kommentarer:

  1. Kan godt skjøna at dette vert ein favoritt, det er kjempelekkert. Akkurat som dei andre flotte sjala du strikkar. Ikkje farlig når du berre kan farge den fargen som manglar.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Åshild! Det er veldig greit å laga fargane sjølv.

      Slett
  2. Eg ser at kommentaren fra meg er borte -- prøver på ny. Eit lekkert sjal -- og eg er enig at garn må rugast på - av og til!

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett
  3. Rare greier! Er alltid kjekt å høra fra deg.

    SvarSlett
  4. nok et nydelig sjal hos deg, dette var lekkert!

    SvarSlett
  5. Sier som flere; nok et vakkert sjal fra deg :) nydelig Wenche

    SvarSlett