fredag 23. februar 2018

Kjole til Lillesøster

Denne kjolen er enkel å strikka og den er fin på.
Den kan brukast lenge, starta som kjole, 
så tunika og vest til slutt då bærestykket er veldig elastisk.
Kjolen er gitt bort i sengmat til ei lita prinsesse.
Har strikka den i strørrelse 1 år.





Litt restestrikk har det og blitt. Hadde eit lite nøste igjen av Cashmere garnet
som eg strikka Across the Pond sjalet i. (klikk på navnet viss du vil sjå det)
Eg fekk akkurat nok til eit par pulsvanter, hadde 30 cm igjen av tråden!
Det garnet er det mjukaste som finst, deileg å ha rundt halsen!



Av ein rest av Malabrigo garnet eg strikka Snowmelt-shawl i, strikka eg eit pannebånd.
Det lyse prikkete garnet er ein rest av noko eg farga sjølv.



Kjole til Lillesøster, 
Sandnes Baby Merino, 112 gr
Pinne 3

Pulsvanter, Cashmere, 16 gr
Pannebånd, Malabrigo 20 gr

*

Det er eit herleg vær me har for tida, her er snø og sol.
Nå skal eg gå ein tur og nyta det. 
Takk til dokke som er trufaste gjester her,
set stor pris på ei helsing fra dokke!
Ha ei fin helg!





tirsdag 13. februar 2018

Frøkengård kofte


Endeleg er denne kofta ferdig!
Det har blitt ein del tilpasninger underveis.
Har strikka den ovenfra og ned og prøvd den på etter kvart.
Eg har strikka 3 armar til samen, og bolen måtte bli lengre
så vrangborda måtte rekkast opp og strikkast nokre cm til.
Nå håper eg kofta sit som eit skudd!
Det er eldste dattera som skal ha denne, og ho valde å ha tre fargar istadenfor to.
Ho teikna inn den kvite fargen og resultatet synes eg blei bra.
Oppskrifta står i Kofteboken 2.







Knappar har me ikkje kjøpt ennå, får prøva å ta bilde etter dei er på plass.
Garnet er mini Sterk fra Du store alpakka.
Håper dette garnet er sterkare enn tynn Alpakka 
som den forrige kofta eg strikka til henne er i.
Den har ho klart å slita hol i etter 3 år!

Frøkengård kofte, Kofteboken 2
Mini Sterk, 502 gr
Pinne 3 og 3,5

*

Eg har hatt "ventestrikk" på gang og. 
Sokkar er greit å ha med i veska, det har blitt ein del ferjeturar og venterom i det siste.
Garnet er Crazy Zauberball, kjøpt i Sverige for 1,5 år sidan,
så då var det på tide å strikka det opp. Det må alltid modnast i skapet ei stund...
Det blei to par sokkar str. 33-34 til to barnebarn, endå er det garn igjen av nøste!
Ikkje to sokkar er like, det er forskjellige striper i heile nøste.




Schoppel Crazy Zauberball,  82 gr